Børtveit kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Børtveit kraftverk er eit vasskraftverk i Stord kommune i Hordaland. Kraftverket vart bygd i 1921 av Stordø Kisgruber AS for å skaffa energi til gruvedrifta.

Anlegget har vorte utvida fleire gonger, og har i dag ein effekt på 2 MW og leverer 8 GWh i året. Sunnhordland Kraftlag har eigd kraftverket sidan 1972.

Børtveit kraftverk ligg ut mot sjøen på austsida av Stord.

Det første aggregatet som var i bruk på Børtveit, var ein turbin frå J. M. Voith og ein Siemens generator. Dette utstyret står no i Gruvemuseet på Litlabø.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]