Baby Beach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Baby Beach Aruba.JPG

Baby Beach er ein skjerma lagune som ligg i Seroe Colorado, på den søraustlege enden av Aruba. Han vert kalla Baby Beach fordi vatnet er så stille at det er trygt for små born.

Stranda er populær hovudsakleg grunna mangel på bølgjer og fordi det er grunt vatn. Oljeraffineriet Valero Energy Corporation ligg innanfor synsvidde av Baby Beach. Men grunna retninga av lokale straumforhold, har Baby Beach reint og klart vatn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]