Bad Ischl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bad Ischl

Bad Ischl er ein landsby og ein kommune i Distriktet Gmunden i sørdelen av forbundslandet Oberösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 163,1 km² og i kring 14 000 ibuarar. Landsbyen Bad Ischl ligg 468 meter over havet ved elva Traun og er ein historisk kjend kurstad.

Kommunen Bad Ischl omfattar fire større landsbyar; Reitendorf, Bad Ischl, Haiden, Kaltenbach, og 16 mindre landsbyar og grender. 72% av landarealet er dekt med skog, 7,9% vert nytta til landbruk.

Bad Ischl vart utvikla som kurstad for den austerrikske eliten i 1820-åra. Frå 1853 heldt den austerrikske keisaren om somrane hus i det som sidan har vorte kalla Kaiservillaen i Bad Ischl. Her skreiv han den 28. juli 1914 under på krigserklæringa mot Serbia og utløyste dermed den 1. verdskrigen. Bygningen er framleis i eiga til etterkomarar av han, men er delvis open for allmenta.

Skirennaren Rudolf Nierlich var frå Bad Ischl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]