Baden-Baden
| Baden-Baden | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Baden-Württemberg | ||
| Region | Karlsruhe | ||
| Landkreis | Kreisfri by | ||
| Høgd | 161 m | ||
| Areal | 140,19 km² | ||
| Folketal | 57 420 (31. desember 2023) | ||
| Postnummer | 76530–76534 | ||
| Retningsnummer | 07221, 07223 | ||
| Bilnummer | BAD | ||
![]() Baden-Baden 48°45′43″N 8°14′27″E / 48.761944444444°N 8.2408333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Baden-Baden | |||
Baden-Baden er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 60 000 innbyggjarar. Byen ligg på vestsida av Schwarzwald ved breidda av elva Oos i landkreisen Karlsruhe.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kjeldene i Baden-Baden var kjende alt for romarane og grunnlegginga av byen referer til keisar Hadrian i ein inskripsjon, som er noko tvilsam. Staden fekk namnet Aurelia Aquensis til ære for Aurelius Severus. Det er framleis mogeleg å sjå bitar av dei antikke skulpturane i byen, og i 1847 vart restane av eit godt bevart romersk dampbad oppdaga like nedanfor Neues Schloss.
Byen vart kalla Baden i mellomalderen. Frå 1300-talet til slutten av 1600-talet var Baden-Baden residens for markgrevane av Baden, som gav namn til byen. Dei budde først i Schloss Hohenbaden (det gamle slottet), som ein kan sjå ruinane av på ein ås over byen, men i 1479 flytta dei til Neues Schloss, som ligg i ei åsside nærmare byen, og som er kjend for den underjordiske fangekjellaren. Under trettiårskrigen vart Baden-Baden hardt råka, særleg av franskmennene som plyndra byen i 1643 og brende han til grunnen i 1689. Markgreven Ludvig Vilhelm flytta til Rastatt i 1706.
I 1931 fekk byen offisielt det doble namnet Baden-Baden (ei kort form av «Baden i (delstaten) Baden»). Byen slapp unna utan øydeleggingar under begge verdskrigane. Under den andre verdskrigen låg det ein underavdeling av Flossenburg konsentrasjonsleir i byen.[1] Etter krigen vart Baden-Baden hovudkvarter for dei franske okkupasjonsstyrkane i Tyskland og ein leir for tvangsflytta folk.
Den russiske forfattaren Fjodor Dostojevskij skreiv «Igrot» (Spelaren) medan han var avhengig av å spele på Baden-Baden Casino.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Statue av Fjodor Dostojevskij
- Schloss Hohenbaden
- Neues Schloss
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Christine O'Keefe.Concentration Camps. www.tartanplace.com/tartanhistory/concentrationcamps.html
- Denne artikkelen bygger på «Baden-Baden» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juni 2007.
