Baden i Niederösterreich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Baden

Baden er ein by og ein kommune i distriktet med same namn i forbundslandet Niederösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 26,9 km² og vel 26 000 ibuarar. Byen ligg der elva Schwechat renn ut på Wiensletta, 230 meter over havet og 26 km sør om hovudstaden Wien.

Baden fekk byprivilegiar i 1480. Namnet på byen kjem av nokre svovelkjelder, som gav grunnlag for kurbad. I dag er handels- og tenestenæringane dominerande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]