Baderom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Det gule baderommet» i Robert Brady Museum/Casa Torres i Mexico.
Fransk reklameplakat for ein varmtvasstank til badet frå 1934.

Baderom er eit eige rom der ein kan vaska og stella seg. Eit baderom er eit våtrom som gjerne har innlagt vatn og møblar som dusj/badekar, handvask og eventuelt bidé. Mange stader i verda er det også vanleg å ha klosettskål på badet slik at ein kan gå på do der. I eller ved rommet kan ein også ha ein varmtvasstank og i nokre høve ein vaskemaskin.

Baderom blir brukt til bading, dusjing, vasking og dobesøk det er do. Dei blir ofte også brukt til tannpuss, barbering, stelling av hår og sminking. Til hjelp for dette stell er det vanleg å ha ein baderomsspegel. Pleieprodukt, klutar, handklede og medisinar blir også ofte oppbevart på badet. Møblar som skap og hyller blir ofte fastmontert på veggen med rom under for å hindra oppsamling av fukt. Baderom kan også ha vifter installert som pumpar ut fukt.

Bruken av vatn i baderommet gjer at det må byggjast med fuktmotstand i veggar, tak og golv, avløp og at all elektrisitet må vera jorda for at det skal vera trygt å bruka lys og ulike apparata, som barbermaskin eller hårtørkar. Rommet er vanleg å innreia med fliser eller fuktmotstandige tapet og golvbelegg. På golvet kan ein ha eit lite teppe eller matte som er lett å flytta og reingjera eller tørka.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før det blei vanleg med innlagt vatn i hus hadde ein sjeldan eigne baderom, men kunne vaska seg i ein servant, eit kar eller ein stamp som det blei bore vatn til, eller ein kunne bada i eit offentleg bad, badstove eller ved ei vasskjelde. Dei første moderne baderomma blei laga eit stykke utpå 1800-talet, først i herskapshus og slott. På 1900-talet blei eit særskild baderom med badekar, vask og vassklosett stadig vanlegare i Vesten. I Japan utvikla ein derimot moderne baderom med separate rom for badekar, vask og do.

Moderne baderom[endre | endre wikiteksten]

I moderne tid har baderomma i Noreg endra seg mykje. Det er no vanleg at ein dusjar og lar badet renne ned på flisene og ut i sluken, framfor oppi eit kar. Dette har blitt mogleg som følgje av at ein har fått betre membranar og fliser, som gjer at baderommet tolar fukt. Rehabilitering av moderne baderom frå seriøse handverkarar kostar mellom 160-250 000 kroner i Noreg.[1]. Moderne baderom blir i dag bygd etter spesifikasjonar gjeve i forskrifta Tek 10,[2] der ein ofte brukar våtromsnorm som ein rettleiar.[3]

Biletdøme[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Diem Bygg: Moderne Våtrom, arkivert frå originalen 18. februar 2015, henta 18. februar 2015 
  2. Lovdata: Tek 10
  3. FFV: Fagrådet For Våtrom