Hopp til innhald

Bahareh Letnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bahareh Letnes

FødenamnBahareh Heidari Nasser-rad[1] eller Nasserabad[2]
StatsborgarskapNoreg
Fødd11. april 1990 (36 år)
Iran
Yrkebar manager, venleikstevlingsdeltakar, realitydeltakar
Politisk partiVenstre
PartnarPer Sandberg

Bahareh Letnes (fødd 11. april 1990)[3] er ein norsk-iransk flyktning, tannlegeassistent[4] og forretningskvinne. Ho har vore med i fleire venleikstevlingar, og blei kåra til Miss Iran 2013, Miss Globe Iran 2014 og Miss Grand International Iran 2014,[5] og blei nummer to i Miss Top of the World 2013.[1]

Letnes kom frå Iran til Norge som tenåring. Ho fekk tre avslag på søknad om asyl og blei tvangsreturnert til Iran.[5] Sidan ho mangla dei rette dokumenta blei ho send tilbake til Noreg, og fekk til slutt innvilga opphald fordi ho var ung og kunne risika tvangsekteskap i heimlandet.[5]

Letnes har arbeidet med relasjonsbygging mellom Iran og Norge, og eig mellom anna enkeltpersonføretaket B & H General Trading Company. Bahareh Letnes.[6]

Letnes blei offentleg omtalt då det kom fram at ho hadde eit kjærasteforhold til fiskeriminister Per Sandberg, og at dei to hadde reist til Iran saman.[7] Saka enda med at Per Sandberg gjekk av som fiskeriminister 13. august 2018.[8] Seinare same året gav paret ut bok om saka.

  • Per Sandberg og Bahareh Letnes: Fremmede makter har flyttet inn. Justismord og politisk drap, Juritzen forlag 2018. ISBN 9788233801489.
  1. 1 2 Mahmoud Faramand: «Per Sandbergs utfordring», Nettavisen 31. juli 2018
  2. ↑ zetaboards.com Arkivert 2018-07-31 ved Wayback Machine. (Besøkt 31. juli 2018)
  3. ↑ birthday.se (henta 31. juli 2018)
  4. ↑ «Pent Smil - ansatte». Arkivert frå originalen 2018-08-02. Henta 2018-08-12. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  5. 1 2 3 Martine Aurdal: «Per Sandbergs forhold til og ferie med Miss Iran 2013 er pikant. Det er også en potensiell sikkerhetsrisiko», Dagbladet 30. juli 2018
  6. ↑ Kunngjøring i Brønnøysindregisteret 8. januar 2018
  7. ↑ vg.no 9. august 2018: Per Sandberg nekter å svare på hvorfor han ikke varslet om Iran-reisen (med video om bakgrunnen for saken om saken)
  8. ↑ Kalajdzic, Pedja. «Per Sandberg går av som statsråd og Frp-nestleder». NRK (på bokmål). Henta 2018-08-13.