Baintha Brakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baintha Brakk midt i biletet

Baintha Brakk er eit 7 285 meter over havet høgt fjell i den pakistansk-kontrollerte delen av fjellkjeda Karakoram og den omstridde regionen Kashmir. Fjelltoppen er den høgste i Panmah Muztagh-fjella, med dei meir berømte Baltoro Muztagh-fjella i nordvest.

Ein topptur på Baintha Brakk vert rekna som ein av dei vanskelegaste klatreturane i verda, grunna det nakne, steile berget og den store høgda over havet. Britane Chris Bonington og Doug Scott vart sommaren 1977 dei fyrste som nådde toppen, etter ein strabasiøs tur opp vestegga. Sidan har toppen vorte nådd to gongar; i 2001 og 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]