Ballinciaga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ballinciaga

Aktiv2018–
Sjangerpop, elektronisk dansemusikk
PlateselskapUniversal Music, Virgin Records

Ballinciaga, òg kjend som berre Ballin, er ei norsk musikkgruppe som gjev ut musikk innan dansemusikk- og popmusikk-sjangeren.[1][2]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Ballinciaga har sidan 2018 gjeve ut russelåter, men fekk fyrst det store gjennombrotet sitt med singelen «Loud Luxury 2022» saman med rapparen Kevin Lauren.[3] Ballinciaga fekk si fyrste topplassering på den norske singellista i 2022 med singelen «Dans på bordet» saman med TikTok-ar og musikar David Mokel.[4]

I april 2022 publiserte David Mokel ein video der han påstod at gruppa skulda han mellom 70 000 og 100 000 kroner. I ettertid gjekk begge partar ut og opplyste at det ikkje fanst nokon slik gjeldspost, og at videoen berre vart laga for å vekkja åtgaum rundt gruppa.[2]

I 2022 tok gruppa del i DebattenNRK om russetida og russemusikk, seinare i 2022 opptredde dei på VG-listarådhusplassen i Oslo.[5][6] Dei vart nominerte til to prisar av P3 Gull 2022 for årets artist og årets låt med songen «Dans på bordet».[7]

Dei tre medlemene i gruppa opptrer alltid med rosa finlandshetter for å halda sin eigen identitet løynleg.[3]

Diskografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 2022: «Dans på bordet» (singel) – med David Mokel
  • 2022: «Beklager (guttaklubben)» (singel) – med Kris Winther
  • 2022: «Tante» (singel) – med Kevin Lauren
  • 2022: «Alt jeg vil (Skallebank 2022)» (singel)
  • 2022: «Loud Luxury 2022» (singel) – med Kevin Lauren
  • 2022: «Hot Boy Summer (Daydream 2022)» (singel)
  • 2022: «Kjære Alkohol» (singel) - med Roc Boyz
  • 2022: «Block Party» (singel) - med ADAAM[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Qobuz - Clubber Oppi France (Kaotisk Eleganse 2023)». Qobuz. Henta 24. april 2022. 
  2. 2,0 2,1 Maren Olava Ask Hütt (6. april 2022). «David Mokel gikk ut mot Ballinciaga i stunt». VG. Henta 17. april 2022. 
  3. 3,0 3,1 Suzie Moslet (29. mars 2022). «Ballinciaga til 730.no: – Tekstene våre reflekterer en virkelighet som eksisterer». 730-no. Henta 17. april 2022. 
  4. «Singel 2022 uke 11» (på norsk bokmål). Henta 18. mars 2022. 
  5. Vollan, Mette (21. april 2022). «Russegruppens svarteliste ble lagt ut for 2600 følgere» (på norsk bokmål). Henta 22. april 2022. 
  6. Vold, Oda Karine Frøyen (15. juni 2022). «Her er høydepunktene fra «VG-lista Rådhusplassen»» (på norsk). Henta 12. juli 2022. 
  7. «Slik blir årets «P3 Gull»». 15. november 2022. Henta 25. november 2022. 
  8. «Ballinciaga albums and discography», Last.fm (på engelsk), henta 5. desember 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]