Ballongstyrten i Clareville

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ballongstyrten i Clareville
Dato 7. januar 2012
Årsak Kom borti ein kraftledning og starta å brenne
Ulukkesstad Clareville i CartertonNew Zealand
Passasjerar 10
Mannskap 1
Omkomne 11

Ballongstyrten i Clareville var ei ulukke som fann stad 7. januar 2012, då ein varmluftsballong styrta i Clareville i CartertonNew Zealand. Alle dei elleve ombod, ti passasjerar og ein pilot, mista livet.[1][2]

Varmluftsballongen[endre | endre wikiteksten]

Varmluftsballongen var ein Cameron A-210-modell, registrert ZK-XXF og kalla «Mr Big».[3] Han hadde tilhøyd Early Morning Balloons Ltd sidan 26. januar 2000 og kunne frakte ti passasjerar og ein pilot. Ballongen tok av frå Carterton klokka 06:40 og turen skulle vare i 45 minutt.[4][5] Piloten var ein av dei mest erfarne på New Zealand.[6] Dei ti passasjerane kom frå New Zealand: to ektepar frå Masterton og Wellington, eit par frå Lower Hutt, eit kjærastepar frå Wellington og to syskenbarn frå Masterton og Paraparaumu.[7] Vêret var klart og det var lite vind då ulukka skjedde.[8]

Ulukka[endre | endre wikiteksten]

Ulukka skjedde rundt klokka 07:25, då varmluftsballongen skulle lande i eit felt ved sida av Somerset Road. Ifylgje augevitne kom ballongen i kontakt med ein kraftledning ved vegen,[9][10] og det gjorde at korga tok fyr.[11] To av passasjerane hoppa ut frå ukjend høgd. Ballongen vart slukt av flammane og styrta i bakka ved sida av vegen.[12][13] Då ballongen kom borti kraftledningen vart straumen til 3800 eigedomar i område kutta.[14] Nokre av dei pårørande var i området då ulukke skjedde. Alle dei elleve ombord var døde då ambulansepersonell kom fram til staden. Lika av dei to som hoppa frå korga vart funne 200 meter frå krasjstaden.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «11 dead in hot air balloon tragedy». The New Zealand Herald. 7. januar 2012. Henta 7 January 2012. 
  2. «Eleven dead in New Zealand hot air balloon crash». BBC News. 6. januar 2012. Henta 7. januar 2012. 
  3. «11 dead in hot air balloon tragedy in New Zealand». News.com.au. 7. januar 2012. Henta 7. januar 2012. 
  4. TAIC Final Report, avsn. 3.1.6
  5. «Multiple deaths in hot air balloon disaster». Television New Zealand. 7. januar 2012. Henta 7. januar 2012. 
  6. «Balloon pilot 'very safety conscious'». Television New Zealand. 7. januar2012. Henta 8. januar 2012. 
  7. «Balloon crash – names released». New Zealand Police. 8. januar 2012. Arkivert frå originalen 5. februar 2012. Henta 8. januar 2011. 
  8. TAIC Interim Report s. 9
  9. TAIC Final Report, avsn. 3.2.2.
  10. Binning, Elizabeth; Tan, Lincoln (9. januar 2011). «Instant disaster in balloon powerline strike». The New Zealand Herald. Henta 9. januar 2011. 
  11. TAIC Final Report, avsn. 3.2.12.
  12. TAIC Interim Report, s. 9
  13. Kirsty Johnston; Greer McDonald; Clio Francis; Blair Ensor; Mark Stevens (7. januar 2012). «Hot air balloon crash near Carterton kills 11». Fairfax Media (via Stuff.co.nz). Henta 7. januar 2012. 
  14. «Hot air balloon crash kills 11 in New Zealand; Balloon hit power lines as it fell to the ground, cutting electricity in rural area». Daily News. 6. januar 2012. Henta 6 January 2012. 
  15. «Two leapt to death from burning balloon». Sky News Australia. 7 January 2012. Henta 8 January 2012.