Balsfjord kvit geitost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Balsfjord kvit geitost
Andre namnBalsfjordost
LandNoreg
MjølketypePasteurisert geitemjølk
OstetypeLøypeost
KonsistensHalvfast, småpipete
FormSylinder
Vekt300 g

Balsfjord kvit geitost, eller Balsfjordost, var ein halvfast løypeost av geitemjølk produsert av TINE. Han vart ysta ved TINE Meieriet Storsteinnes i Balsfjord i Troms.[1] Osten vart først introdusert tidleg på 1980-talet. I 2021 stoppa Tine produksjonen av osten.[2]

Osten var syrleg med mild geitemjølksmak og kan minne om TINE Gräddost å sjå til, småpipete, sylinderforma og med ein smidig konsistens.[3][4]

Balsfjord kvit geitost vart tidlegare laga av ei blanding av geitemjølk og kumjølk[4]. Deretter vart osten ysta av berre geitemjølk.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Balsfjord kvit geitost TINE». ostecompagniet.no. Henta 20. november 2012. 
  2. Jøsang, Dag Idar, «Tine gir opp Balsfjordost», Norsk Landbruk, arkivert frå originalen 23. juli 2021, henta 23. juli 2021 
  3. 3,0 3,1 «Balsfjord kvit geitost». tine.no. Henta 20. november 2012. 
  4. 4,0 4,1 Otto Ramsbacher (1991). «Ost». Yrkeslære - kjøkkenteori i praksis. Oslo: Universitetsforlaget. s. 96. ISBN 8200033775. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]