Band i båt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Band er nemning på tverrstivarar i ein lett trebåt bygd i klinkbyggingsteknikk.

Band vert ofte feilaktig kalla «spant», men inngår i båtskroget på ein heilt annan måte: Båtbyggjaren byggjer opp (nokre av) bordgangane («plankane») i båtskroget først, og set deretter inn (delar av) banda. Hovudstyrken og hovudforma i skroget vert danna av at borda er klinka saman langs kantane, og difor dannar eit samanhengande skal (som er årsaka til at klinkbygging ofte vert kalla for skalbyggingsteknikk). Banda kan lagast tilsvarande tynne og lette, og plasseringa av dei kan varierast, meir ut frå kva for eit bruk ein ynskjer av båten, enn av behov for styrke. Det er døme på at band er flytta i båtar når behova har endra seg, og at båtar som skal vera ekstra lette og rørlege har ekstra få band. Båtar av same storleik og type kan vera «framrømt» eller «bakrømt» etter korleis banda er sett inn i båten; dei kan med vilje setjast langt framme eller langt bak i båten.

Band kan ha fleire ulike former, og det kan brukast sjølgrodde emne i vekslande grad i desse. Dei to hovudformene for band er band med tverrbjelke, helst kalla bite eller bete, og band utan. (Ein bite kan òg vera ein tverrbjelke i eit hus.)

Den lettaste og sterkaste forma for band utan bite var eit band skore ut av ein einaste krok, slik at det gjekk ubrot frå overkant til overkant i båten. Band med bite har eit – helst sjølgrodd; underband, og biten om lag halvveges oppe i båten. Opp frå biten går opplennene eller opplengarane, dei delane som bognar oppover borda mot overkanten til båten.

Begge sidene av biten skal lagast av sjølgrodde emne, og helst slik at den eine eller begge både dannar opplengaren på si side, og dessutan går tvers over heile båten som sjølve biten. I ein del moderne båtar har nytta av sjølgrodde emne vorte liten; underbanda er ofte skore ut av rettvekste plankar, og er difor tjukkare enn før (utan at dei vert riktig så sterke som sjølgrodde!), ingen av opplengarane utgjer heile biten, men er skøytt til denne på begge sider, og biten som ein eigen trestokk. Av og til er biten berre eit bord som går tvers over båten, og ingen delar av bandet er sjølgrodd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]