Baneperiode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein baneperiode er tida ein planet (eller eit anna objekt) brukar på å fullføre eit omløp rundt eit anna objekt.

Det er fleire typar baneperiodar for objekta kring sola:

  • Siderisk periode er tida eit objekt brukar på å fullføre eit omløp rundt sola sett i forhald til stjernene. Dette blir sett som den sanne baneperioden til eit objekt.
  • Synodisk periode er tida eit objekt brukar på å koma tilbake til same plassen på himmelen relativt til sola, som sett frå jorda. Dette er tida bruka mellom to konjunksjonar på rad med sola og er baneperioden observert frå jorda. Den synodiske perioden skil seg frå den sideriske av di at jorda sjølv går i bane rundt sola.
  • Drakonisk periode er tida som går mellom to passasjer objektet gjer forbi sin oppstigande knute, punktet der banen kryssar ekliptikken frå den sørlege til den nordlege himmelhalvkula. Den drakoniske perioden er ulik den sideriske fordi knutane typisk preseserar eller resesserar sakte men sikkert.
  • Anomalistisk periode er den tida som går mellom to passeringar av perihel til objektet, det punktet der objektet er nærast sola. Dette er forskjellig frå den sideriske av di at den store halvaksen til objektet typisk vil presesere eller resessere sakte (men sikkert).
  • Tropisk periode er tida som går mellom to passasjer av objektet ved rektasensjon null. Denne er litt kortare enn den sideriske perioden fordi vårjamdøgnpunktet preseserar.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]