Banjšiceplatået

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Banjšiceplatået (slovensk Banjška planota, italiensk Altopiano della Bainsizza) er eit karstplatå vest i Slovenia i regionen Goriška. Det ligg nordvest for byen Nova Gorica, oppfor elva Soča. Under den første verdskrigen utkjempa Italia og Austerrike-Ungarn det ellevte slaget ved Isonzo på platået i august 1917.

Platået var kalla opp etter landsbyen Banjšice, som truleg er den eldste busetnaden her. Andre busetnader er Bate, Grgarske Ravne og Lokovec.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Slovenia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.