Bar-le-Duc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bar-le-Duc
Klokketårnet i Bar-le-Duc
Klokketårnet i Bar-le-Duc
Klokketårnet i Bar-le-Duc
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Lorraine
Meuse
Geografi
Flatevidd 23,62 km²
Flatevidd
 - By

23,62 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

16 944
  717/km²
Koordinatar 48°46′″N 05°10′″EKoordinatar: 48°46′″N 05°10′″E
Høgd over havet 240 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 55000
Heimeside: www.barleduc.fr

Bar-le-Duc er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Meuse i Lorraine. Byen har om lag 17 000 innbyggjarar og ligg ved elva Ornain.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Le Transi de René de Chalon.

Bar-le-Duc var ein gong sete for grevskapet, og seinare hertugdømet Bar. Sjølv om byen sannsynlegvis vart grunnlagd i antikken vart han ikkje viktig før på 900-talet då grevane busette seg her. Seinare kom han inn under hertugane av Lorraine.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den nedre, meir moderne og travlare delen av byen, strekkjer seg langs ein smal dal omslutta av skogkledde åsar eller åsar med vinranker. Elva Ornain renn gjennom denne dalen, og vert kryssa av fleire bruer. Byen er avgrensa i nordaust av Marne-Rhin-kanalen og i sørvest av ei lita grein av Ornanin kalla Canal des Usines.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]