Barents Press International

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Barents Press International er eit nettverk for journalistar og redaktørar i Barentsregionen i Noreg, Sverige, Finland og Russland.

Barents Press vart stifta etter at Berlinmuren fall og oppløysinga av Sovjetunionen. Pressefolk i dei fire Barents-landa kom saman og laga eit nettverk som samarbeid og kunnskapsdeling på tvers av landegrenser som no plutseleg var opne.

Kvart av dei fire landa har sine eigne nasjonale Barents Press-foreiningar; Barents Press Norge, Barents Press Russland, Barents Press Finland og Barents Press Sverige.

Barents Press Norge skal jobbe for auka kunnskap om regionen, presse- og ytringsfridom, demokratiutvikling, gode arbeidshøve og auka kontakt med kolleger på tvers av landegrenser.

Styret i Barents Press Norge består av Amund Trellevik (leiar), Anki Gerhardsen (nestleiar) og Kari Skeie og Jan Gunnar Furuly (styremedlemer).

I perioden fram til 2022 er det Noreg som har formannskapet i Barents Press Internasjonalt. Amund Trellevik er leiar for formannskapet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]