Barkestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Barkestad er eit fiskevær i Øksnes kommune i Nordland. Bygda har ei god hamn og ligg på vestsida av Dyrøya.

Folketeljinga 1910 syner at 22 menneske budde på Barkestad. Utover 1900-talet voks folketalet og bygda hadde fiskemottak og slipp. Siste tiåra har folketalet minka, men slippen er i drift.

Barkestad har dagleg anløp av hurtigbåt med samband til dei andre øyane i Øksnes og til kommunesenteret Myre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]