Batkatsjnij
Batkatsjnij | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Batkatsjnij |
Batkatsjnij er ei øy i Kaspihavet i Russland. Ho ligg like til høgre for munningen av Volga i eit område med mange deltaøyar.
Batkatsjnij har ei vridd form med mange nes og viker. Mellom øya og fastlandet ligg eit 1 km breitt sund. Ho er nesten 30 km lang og opp mot 10 km brei.
Dei nærliggande øyane[endre | endre wikiteksten]
- Sedmoj (Ostrov Sedmoj) ligg om lag 7 km mot nordaust.
- Nizjnij, (Ostrov Nizjnij) ligg like aust for Batkatsjnij og mellom dei er avstanden berre om lag 1 km.
- Malij Setnoj (Ostrov Malij Setnoj) ligg 10 km aust for Batkatsjnij.
- Bolsjoj Setnoj (Ostrov Bolsjoj Setnoj) ligg 15 km mot aust, bortanfor Malij Setnoj.
- Andre øyar er Ostrov Zelenenkij og Ostrov Zeljonij
Administrativt høyrer Batkatsjnij og naboøyane til Astrakhan oblast.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Batkachnyy Island» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: