Bayble Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bayble Island (skotsk-gælisk Eilean Phabail) er ei folketom øy sør for Eyehalvøya på Lewis i Ytre Hebridane i Skottland.

Bayble Island frå Upper Bayble

Bayble Island ligg sør i Bayble Bay (Pabail Bay). Ho består av to øyar (Eilean Mòr Phabaill og Eilean Beag Phabaill[1]), men ser ut til å vere ei enkelt øy frå alle retningar. Grendene Upper og Lower Bayble ligg oppfor øya og bukta.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Papar Project». HEBRIDES: H6. Bayble/Pabail. Henta 25. februar 2010. 
  2. «Overview of Bayble». Gazetteer for Scotland. Henta 25. februar 2010. 

Koordinatar: 58°11′25″N 6°12′2″W