Beat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Som musikalsk omgrep kan beat ha fleire tydingar. I det engelske språket viser det først og fremst til pulsen eller taktslaga i musikken. På norsk nyttar vi hovudsakleg omgrepet for å syne til ei form for rytmisk figur.

Det musikalske grunnlaget i ein hip hop-song vert gjerne kalla «beat». Som regel består dette av ein kort melodi med trommer til, som vert repetert ei rekkje gongar. Melodiane vert ofte sampla frå kjende eller ukjende musikkstykke, men mange produsentar nyttar òg musikkinstrument, særleg synthesizarar.