Bedehus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Solheimsvikens bedehus (Torvsalen) er ein bygning frå Solheimsviken i Bergen som har vorte flytta til Gamle Bergen Museum i Sandviken.

Bedehus er ein type forsamlingshus som er eigd og drive av kristne organisasjonar. Husa vert brukt til små og store møte og andre arrangement. Slike forsamlingshus vart bygd frå midten av 1800-talet over heile Noreg, og er framleis vanlege over hele landet. Bedehus vert også kalla misjonshus.

Det er i dag rundt 3000 bedehus, misjonshus og kristelege ungdomshus i landet. Halvparten eigast og drivast av lutherske misjons- og ungdomsorganisasjonar innanfor Den norske kyrkja, resten av lokale og frittståande grupper.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bedehus var opphavleg samlingshus for kristne (truande) til bøne- og vitnemøte. Seinare vart dei ein stad for vekkingsmøte, bibeltimar og samlingar for dei ulike misjonsorganisasjonane.

Dei første bedehusa vart mest sannsynleg bygd i 1840-åra. Dei første vi kjenner til er i Strand kommune og Hjelmeland kommune i Rogaland. Det første huset som vart kalla bedehus var likevel Hauges Minde i Skien , som vart bygd i 1850 til minne om Hans Nielsen Hauge.

Innreiing[endre | endre wikiteksten]

Dei første bedehusa var enkle med trebenkar og utan kunst. Etter kvart kom Kristusbilete på plass. Andre bibelske motiv vart også brukt, samt bilete av viktige menn i bygda, i kyrkja og kjende predikantar. Etter andre verdskrig har mange bedehus vorte større og vakrare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Reise i bedehusland – Rogaland, av Johannes Kleppa og Alf Henry Rasmussen, Sambåndet forlag 2003.
  • «Misjon og bedehus», av Andreas Ropeid I: Norges kulturhistorie, bd . Aschehoug, 1980
  • Bedehus i Rogaland : administrasjon og bruk, av Andreas Ropeid. Norsk etnologisk gransking, 1993
  • Bedehus i Østfold, av Kai Ørebech. Lunde Forlag, 2006 ISBN 82-520-4837-4
  • Bedehusfolket : ein studie av bedehuskultur i tre bygder på 1980- og 1990-talet, av Olaf Aagedal. Tapir forlag, 2003 ISBN 82-519-1829-4 (Dr.avh.)
  • Rapport frå bedehusland, av Olaf Aagedal. Samlaget, 1988 ISBN 82-521-3173-5