Bekkeniauga
Bekkeniauge | |
Bekkeniauge | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Cephalaspidomorphi |
Orden: | Niaugo Petromyzontiformes |
Familie: | Niaugefamilien Petromyzontidae |
Slekt: | Lampetra |
Art: | Bekkeniauge L. planeri |
Vitskapleg namn | |
Lampetra planeri |
Bekkeniauga er ein kjevelaus fisk i niaugefamilien. Det er den einaste reine ferskvassarten niauga i norske farvatn, og er elles utbreidd i mesteparten av vest-Europa frå den franske middelhavskysten i sør til Finland i nord.
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Bekkeniauga er som vaksen rundt 20 cm lang og har kontakt mellom dei to ryggfinnane. Det er blågrønt på ryggen med gule sider og kvit buk, og skil seg frå elveniauga med å mangla mørke prikkar på buken. Bakerst på sugeskiva har det 7-10 spisse tenner.
Levesett
[endre | endre wikiteksten]Bekkeniauga lever heile livet i ferskvatn, og føretek få eller ingen vandringar. Larvane driv stundom noko med straumen før dei botnslår og lever filtrerande av mikroalgar og detritus. Dei lever nedgravne i elvebotnen i 3-7 år, før dei vert kjønnsmogne.
Dei vaksne individa kjem opp or botnen og sym oppstrøms til gyteplassen om natta seint på våren. Gytegropa vert graven på sand- eller grusbotn på grunt vatn i rennande vatn (0,2-3 m vassføring i sekundet), og dei gyt i grupper på 2-30 individ. Som oftast vert egga til ei ho befrukta av 2-3 hannar. Alle døyr etter gytinga. Egga klekker etter ei knapp veke.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Jonsson, Bror: «Niøyer» i Norges dyr - fiskene 1 Cappelen 1992
- FishBase[daud lenkje]