Bell's Weekly Messenger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bell's Weekly Messenger
LandStorbritannia[1]
TypeAvis[1]
FormatCuartilla
Grunnlagd1796
SpråkEngelsk
HovudkvarterLondon

Bell's Weekly Messenger var ei britisk avis som fyrst kom ut 1. mai 1796, med John Bell som eigar.[2] Ho var opphavleg ei sundagsavis, men frå 1799 blei London-utgåva trykka opp att på måndagen og distribuert over heile landet.[3] I 1803 blei det selt 6000 eksemplar i veka, med ein pris på 6 pence.[4] I 1799 blei det også gjeve ut ei omarbeidd utgåve av tidlegare aviser frå det året med tittelen Bell's Annual Messenger, laga for internasjonal distribusjon med støtte frå Det britiske austindiakompaniet.

Frå måndagsutgåva byrja å koma ut i 1799 hadde ho informasjon om landbruksmarknader i Storbritannia. Sjølv om Bell's Weekly Messenger byra som eit generelt vekeblad, byrja det etter at det kjøpte Evans and Ruffy's Farmers' Journal i 1832 å gje større dekning til jordbruksemne, og var i mange år den leiande jordbruksavisa i Storbritannia.[5][6][7]

Avisa hadde tittelen Bell's Weekly Messenger til mars 1896, då det blei omdøypt til Country Sport.

I 1832 blei den fyrste kjende avisteikninga i Storbritannia gjeven ut i Bell's New Weekly Messenger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 https://www.newspapers.com/papers/; vitjingsdato: 5. oktober 2020.
  2. A Catalogue of Books, Newspapers, &c. Printed by John Bell, of the British Library, the Morning Post, Bell's Weekly Messenger, &c. [...] Exhibited at the First Edition Club, London, 15 April-May 5, 1931 (London, 1931).
  3. Prospectus. ESTC citation no. T124125.
  4. J. C. Reid, Bucks and Bruisers: Pierce Egan and Regency England (London, 1971), p. 28.
  5. Morison, Stanley (2009). «The Weekly Messenger as an agricultural newspaper». John Bell, 1745-1831: A Memoir. Cambridge U. Press. s. 54. 
  6. Evans and Ruffy's Farmers' Journal, National Library of Australia
  7. Brake, Laurel; Demoor, Marysa (red.). «Bell's Weekly Messenger». Dictionary of Nineteenth-century Journalism in Great Britain and Ireland. s. 47. 
  • James Grant. The Great Metropolis. Third Edition. Saunders and Otley. Conduit Street, London. 1838. First Series. volume 2. p 128 et seq. Reprinted in Foster's Cabinet Miscellany, New York, Theodore Foster, 1838, volume 1, p 227 et seq.