Benedicte Schøyen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Benedicte Schøyen
Fødd 12. august 1965
Yrke koreograf

Benedicte Schøyen (fødd 12. august 1965) er ein norsk dansar, koreograf og dansepedagog.[1] Ho er frå Kolsås i Bærum, men har budd i California i USA sidan ho var 23 år gamal.[2]

Schøyen gjekk Den Norske Operas Ballettskole frå 1974 til 1981. Sidan utdanna ho seg ved Statens balletthøgskole (1981-84) og tok vidareutdanning ved Studio Paris Centre og The Royal Academy of Dance i London. Etter ti år som profesjonell dansar opna ho sitt eige studio og underviser i jazzballett og klassisk ballett.[3] Ho driv Born To Play Studio i Santa Monica i California i USA.[4]

Schøyen arbeider også som koreograf og har mellom anna delteke i produksjonen av Melodi Grand Prix Junior og var ein av opphavspersonane bak den interaktive danse-DVD-en Den Magiske Spilledåsen (engelsk tittel The Music Box - A Dance Along Fairytale).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Herman Berthelsen, red. (1987). «Schøyen, Benedicte». Hvem er hvem i norsk kulturliv?. Oslo: Dreyer. s. 372. ISBN 820910426-8. 
  2. Julie S. Werenskiold: «På tå hev i Hollywood» Budstikka, 10. januar 2009
  3. «Gjestepedagoger: Benedicte Schøyen». Nettstaden til West End Studios. Henta 4. desember 2011. 
  4. «Musicbox, drømmen om å skape magi for barn» (PDF). Havn og kirke 1/2008.