Berdsk
| Berdsk | |||
| Бердск | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Novosibirsk oblast | ||
| Høgd | 130 m | ||
| Areal | 70 km² | ||
| Folketal | 101 987 (1. januar 2025) | ||
| Grunnlagd | 1716 | ||
| • Bystatus | 1944 | ||
| Postnummer | 63300x | ||
| Retningsnummer | (+7) 38341 | ||
![]() Berdsk 54°45′N 83°06′E / 54.75°N 83.1°E | |||
| Wikimedia Commons: Berdsk | |||
Berdsk (russisk Бердск) er ein by i Novosibirsk oblast i Russland med om lag 100 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 30 km sør for Novosibirsk. Berdsk vart opphavleg grunnlagt i området som i dag ligg under vatn i Novosibirsk-reservoaret (òg kjent som Obhavet) sidan 1957. Byen vart då flytta.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Den første busetnaden vart nemnt i åra 1713–1718, då russarane bygde ei festning ved samløpet mellom elvene Ob og Berd. Berdsk er dermed langt eldre enn den langt meir kjente nabobyen Novosibirsk. Berdsk fekk bystatus i 1944.
På 1950-talet vart bygginga av eit stort vasskraftverk sett i gang ved Novosibirsk. Dette medførte at Berdsk, som låg under vassnivået på det nye reservoaret, måtte flyttast. Mellom 1954 og 1957 vart bygningane i byen flytta til ein ny stad og det er no berre ein liten del av den opphavlege byen igjen på den opphavlege plasseringa.
Under sovjettida prega tre verksemder byen, radiofabrikken, den elektromekaniske fabrikken og den kjemiske fabrikken. Dei siste to har overlevd tida etter Sovjetunionen fall. I tillegg har det kome til føretak innan næringsmiddelindustrien.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
