Beren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Beren er namnet på ein helt frå J.R.R. Tolkiens legendarium. Han var kjend som Beren Ein-hand på grunn av dådsverket sitt med Silmarilen.

Silmarillion[endre | endre wikiteksten]

Beren var son av mannehovdingen Barahir, og erving til hovdingtittelen i det første av dei tre Edainsfolka, ætta etter Bëor. Etter Dagor Bragollach vart eignene til Barahir herja, og folket hans rømde i alle leier, slik at han sistpå stod att med tolv fredlause, mellom desse sonen Beren. Beren overlevde det siste åtaket, og greidde å vinne attende ringen Barahir hadde fått av Finrod i Bråeldslaget. Etter dette levde han einsam og fredlaus i fleire år, men vart sistpå nøydd til å rømme frå heimlandet sitt, og vann over skrekkfjella og kom endeleg gjennom stengslene Melian hadde reist, og inn i Doriath. Her var det han vart hugteken av kongedottera Lúthien, som han sidan fridde til.

Då kongen fekk høyre om Beren, baud han at Beren skulle finne ei høvande gåve til giftarmålet, og denne skulle vera ein silmaril. Beren gjekk inn på dette, og reiste iveg utan Lúthien. Ho vart halden som fange, men følgde snart etter. Først kom han til Nargothrond, der han bad Finrod om hjelp, og saman med eit lag alvar kom dei så langt som til borga på Tol Sirion, som var vakta av Sauron. Her vart dei avslørde, og Sauron drap dei ein etter ein. Sistpå kjempa han og Finrod med tryllesongar, til Finrod fall og let livet. I mellomtida var Lúthien komen til, og fekk hjelp av valahunden Huan, som kjempa med Sauron i ulveham. Etter at Sauron var overvunnen, tok Beren og Lúthien hamane til ulven og Thuringwethil, ein stor skinnveng-demon, og slik kom dei seg usette til Morgoths dører. Lúthien greidde å overliste vaktene, og saman kom dei seg ned til halla, der Lúthien sette trolldom på Morgoth slik at han sovna, og Beren kunne løyse ein av silmarillane frå jarnkrona hans.

Men ulven Carcaroth gløypte i seg handa med silmarillen då dei kom ut att, og Beren kunne soleis ikkje syne fram vinsten sin då han kom attende til Doriath. Ulven sprang etter dei dit, og Thingol, Beren og eit lag andre reiste ut for å veide på Carcaroth som vart drepen, men som samstundes drap Beren.

Då Beren døydde, neitta han å reise over verdsskjela, men bidde på Lúthien, som fekk valaen Mandos til å syne medkjensle, slik at dei båe kunne koma attende til Midgard, men Lúthien som døyeleg kvinne. I denne forma fødde ho sonen Dior.

I Tolkiens liv[endre | endre wikiteksten]

Tolkien sette soga om Beren og Lúthien særskilt høgt, og hadde hovuddraga ferdige alt i 1917. Namnet Beren står skrive på gravsteinen hans under hans eige namn, medan namnet Lúthien er skrive under namnet til kona, Edith Bratt Tolkien.