Bertha Torgersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bertha Torgersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. april 1864
Død

25. mars 1954 (89 år)

Yrke reiar

Bertha Torgersen (7. april 186425. mars 1954)[1] var ein norsk skipsreiar. Saman med Hanna Brummenæs skipa ho reiarlaget Brummenæs & Torgersen i 1909, og dei blei med dette dei fyrste kvinnelege skipsreiarane i Noreg.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Brummenæs og Torgersen traff kvarandre på VisnesKarmøy, då dei jobba i butikk i gruvesamfunnet der. Dei dreiv ei stund sin eigen butikk, men avslutta denne verksemda. Rundt 1900 flytta dei saman i Haugesund og byrja å interessere seg for skipsfart. Dei investerte i skipsaksjar, og la seg opp nok pengar til å kjøpe ein sildedampar i 1909. Båten heitte «D/S Gouval» og blei kjøpt kontant på tvangsauksjon.[2] [3]

Brummenæs og Torgersen kjøpte fire skip til på mellom 1350 dvt og 3200 dvt, som hadde som fellesnemnar at dei stort sett alle var i dårleg stand og trege. Tre av skipa var bygget på 1800-talet og det siste i 1904.[3] Skipa blei brukte til trampfart, det vil seia at dei frakta last ein stad ho var ønska, og så tok med ny last på tilbakevegen.[2] Tilstanden til skipa gjorde at alle blei mista under første verdskrigen, bortsett frå «Gouval», som sank før krigen.[2]

Etter krigen stod det dårleg til med skipsbransjen i byen. Brummenæs og Torgersen hadde betalt svært lite for sine fem skip og dreiv reiarlaget svært rimeleg, så dei gjekk med eit enormt overskot då krigsskadeerstatningane blei utbetalt.[2]

Mellom 1921 og 1927 kjøpte Brummenæs og Torgersen fem gamle skip, og i 1929 kjøpte dei sitt einaste motorskip. Dette var «Equatore» som var i svært dårleg stand, og til slutt blei kornlager på land. Dette gjorde skipet til eit av to skip dei eigde som ikkje sank.[2][3]

Før andre verdskrig kjøpte dei fleire gamle dampskip. I løpet av krigen blei alle skipa deira senka eller gjekk på grunn.[2][3]

Torgersen blei, saman med Brummenæs, kalla for «mannedamene». Dei kledde seg i herreklede og opererte i ein mannsdominert bransje.

Det var Torgersen som hadde det økonomiske ansvaret i drifta. Da ho døydde var det rundt 6 millionar kroner igjen i buet, og ein fann at det framleis var pengar igjen etter krigsskadeerstatningane etter første verdskrigen.

Torgersen døydde i 1954 og er gravlagd saman med Hanna Brummenæs.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mannedamene. Arkivert 2017-03-12 ved Wayback Machine. Lest 10. mars 2017
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 De gjerrige skipsrederne - NRK. Lest 10. mars 2017
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Brummenæs & Torgersen - Europas første kvinnelige skipsredere. - Skipshistorie.net. Lest 10. mars 2017
  4. Bentzrud, Inger (2. august 2021). «Dristige damer i dress». dagbladet.no (på norsk). Henta 6. august 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]