Betadesintegrasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Betanedbryting)
Gå til: navigering, søk
Betanedbryting i ein atomkjerne. Mellomutsendinga av eit virtuelt W-boson er ikkje teken med her.

Betadesintegrasjon eller betastråling (β-stråling) er ein type partikkelstråling frå desintegrasjon av radioaktive stoff eller av radioaktiv nedbryting av atomkjerner i form av ein betapartikkel. Dette finst i to variantar:

Betastråling er ein av dei tre vanlegaste formene for radioaktivitet. Radioaktiv stråling omfattar alfa-, beta- og gammastråling, som har fått namn etter dei tre første bokstavane i det greske alfabetet.

Ved betastråling sendar ein nedkvark i eit nøytron ut eit elektron og eit antinøytrino. I eit nøytron er det to nedkvarkar med ladning -1/3 og ein oppkvark med ladning 2/3. Når ein av nedkvarkane har sendt ut elektronet og antinøytrinoet, har han vorte til ein oppkvark med ladning 2/3. Den nye samlinga av éin nedkvark og to oppkvarkar blir kalla eit proton. Altså har eit nøytron vorte til eit proton, eit elektron og eit antinøytrino. Det heile føregår i ein atomkjerne.

Tidlegare visste ein ikkje om antinøytrinoet, og trudde at betastråling berre var ein straum av elektron i stor fart. Men det viser seg at elektrona alltid kjem ut med ulik kinetisk energi kvar gong, og det var eit mysterium før ein forstod at det er summen av den kinetiske energien til antinøytrinoet og elektronet som er konstant.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]