Radioaktivitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den fotografiske plata til Becquerel blei eksponert av radioaktivitet frå uran. På den eine flekken kan ein sjå skuggen av ein maltesarkross som hadde lege mellom plata og uransaltet.

Radioaktivitet er ei nemning som kan visa til ioniserande eller til den spontane utsendinga av slik stråling frå radionuklider.

Fenomenet blei oppdaga tilfeldig av Henri Becquerel i 1896. Han hadde pakka inn kaliumuranylsulfat i fotografiske plater og svart materiale før eit eksperiment innan fosforescens. Då han skulle utføra eksperimentet såg han at dei fotografisk platene alt var blitt eksponerte, sjølv om dei hadde lege i mørkre. Becquerel forfølgde oppdaginga og fann ut at det innpakka stoffet sende ut stråling. Fenomenet blei sidan kalla radioaktivitet av to andre pionerar innan feltet, Pierre og Marie Curie.

Radioaktive stoff[endre | endre wikiteksten]

Plutonium er eit særs radioaktivt stoff.

Stoffet som hadde send ut stråling i Becquerel sitt tilfelle var uran. Seinare oppdaga ekteparet Curie to nye radioaktive grunnstoff, radium og polonium.

Nøytron og proton i atomkjernar er haldne saman av ulike krefter, med sterk kjernekraft, elektrostatisk kraft som dei sterkaste, og i tillegg svak kjernekraft og gravitasjonskraft. Desse kreftene verker i eit samspel som kan vera ustabilt ved at kjernepartiklane kan «falla» inn i eit anna samspel med lågare energi, noko som vil føra til at dei sender ut stråling.

Visse grunnstoff og isotopar av grunnstoff har ustabile kjernar som lett sender ut stråling.

Radioaktivitet og liv[endre | endre wikiteksten]

Varselsymbol og skilt for ioniserande stråling. Unicode-teikn: U+2622 (☢).

Stråling kan skada menneske og dyr, til dømes ved å skada eller drepa celler, eller ho kan skada arvestoffet, noko som aukar faren for kreft og som av og til kan førast vidare til avkom. Bakgrunnsstråling frå verdsrommet, sola og diverse kjelder på jorda, særleg radongass, gjer at alle får i seg noko stråling. Om strålinga fører til varige skader eller ikkje, er tilfeldig, men sjansen aukar for negative verknader jo høgare stråledosar ein får i seg.

Å vera i kontakt med radioaktive stoff over lang tid er i dag rekna som svært farleg, og det finst grenser for kor høge stråledosar ein meiner er forsvarlege å få i seg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]