Hopp til innhald

Bijsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bijsk
Бийск
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Altaj kraj
Høgd 180 m
Areal 291,67 km²
Folketal 179 211 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1709
   Bystatus 1782
Postnummer 659300–659336
Retningsnummer (+7)3854
Kart
Bijsk
52°31′00″N 85°10′00″E / 52.516666666667°N 85.166666666667°E / 52.516666666667; 85.166666666667
Wikimedia Commons: Biysk

Bijsk (russisk Бийск) er den nest største byen i Altaj kraj i Russland (etter Barnaul). Han ligg ved elva Bija, rundt 130 km søraust for Barnaul. Byen har om lag 180 000 innbyggjarar.

Byen vart grunnlagt i 1709 som ei festning etter ordre frå Peter den store, men etter mindre enn eitt år vart han brent av ei nomadisk stamme og så gjenoppbygd i 1718. Bijsk mista gradvis rolla si som militærbase, men vart eit viktig handelssenter og fekk byrettar i 1782.

Industrien i byen voks raskt, særskild etter at fabrikkar vart evakuert frå vestlege område av Sovjetunionen under den andre verdskrigen. Seinare vart han eit senter for våpenutvikling og produksjon og er framleis eit viktig industrisenter.

Bijsk har ein jernbanestasjon, ei elvehamn ved Bija og Bijsk lufthamn som ligg 12 km søraust for sentrum av byen. Hovudvegen Novosibirsk-Bijsk-Tasjanta (Tsjujskijveien) går gjennom byen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bijsk