Billy Kidd
| Billy Kidd | |
| Statsborgarskap | USA |
| Fødd | 13. april 1943 (83 år) Burlington |
| Yrke | alpinist |
| Høgd | 174 centimeter |
| Billy Kidd på Commons | |
William Winston Kidd, kjend som Billy Kidd, (fødd 13. april 1943) er ein USA-amerikansk tidlegare skirennar frå Stowe i Vermont som vart verdsmeister i den alpine kombinasjonen i 1970 og vann OL-sølv i slalåm under vinterleikane 1964 i Innsbruck.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Kidd deltok i VM i alpine greiner 1962 i Chamonix og vart nummer åtte i slalåmrennet. To år seinare vann han sølvmedaljen i same greina under Vinter-OL 1964 i Innsbruck og kom på sjuandeplass i storslalåm. Med desse gode prestasjonane og gjennomført utforrenn vart han nummer tre i kombinasjonen og vart tildelt ein VM-bronse av Det internasjonale skiforbundet (FIS).
Under dei olympiske vinterleikane 1968 i Grenoble vart Kidd nummer fem i storslalåm. Ved VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina vann han gullmedaljen i kombinasjonen, etter å ha teke bronsen i slalåm, kome på delt femteplass i utforrennet og vorte nummer 15 i storslalåm.
Kidd vann to slalåmrenn i verdscupen i alpine greiner, begge i heimlandet USA, i høvesvis 1968 og 1969. Han la opp som aktiv i 1970.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Einskildmenn
- Fødde i 1943
- Alpinistar frå USA
- Verdsmeistrar i alpine greiner
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1964
- USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1964
- Alpinistar under vinter-OL 1964
- USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1968
- Alpinistar under vinter-OL 1968