Bindingsteori
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bindingsteori er læra om korleis ulike typar nomenfrasar kan og ikkje kan vera koreferente med ein annan nomenfrase innanfor ein og same frase eller setning. I setninga Far bad han rydde opp etter seg sjølv er seg sjølv, men ikkje han, koreferent med far. Leddet som viser til eit anna (her: seg sjølv er bunde av leddet det er koreferent med, dette leddet er bindaren. I bindingsteorien er ein anafor ein konstituent som må vere bunde (som seg sjølv). Pronomen, på si side, kan, men må ikkje, vere bunde. Setninga Far bad oss rydde opp etter han er tvitydig, han kan vere koreferent med, og dermed bunde av far, men det kan også vere fritt, dvs. hente referansen sin frå konteksten.