Bioinformatikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jamføring av to DNA-sekvensar med dynamisk programmering, eit døme på bioinformatikk i praksis

Bioinformatikk er eit fagfelt der ein nyttar informatikk til å henta inn, organisera, analysera og tyda biologiske data; særsklit innan molekylærbiologi og bioteknologi. Utvikling av gode dataverktøy og databasar er særs viktig i bioinformatikk, og store databasar med informasjon om DNA- og proteinsekvensar utgjer som regel råmaterialet for den biostatistiske analysen. Sentralt er utvikling av teori og statistiske/matematiske modellar som gjer det mogeleg å stilla og svara på grunnleggjande spørsmål om molekylær evolusjon, biologisk funksjon og samspelet mellom biologiske prosessar på ulike nivå i levande organismar.

Ved hjelp av bioinformatikk freistar ein mellom anna å identifisera proteinkodande område i DNA-sekvensar og spå strukturen og funksjonen til protein gjennom samanlikningar med protein kjende frå før.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«bioinformatikk» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 22. november 2016.

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.