Birkir Már Sævarsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Birkir Sævarsson)
Hopp til navigering Hopp til søk
Birkir Már Sævarsson
Iceland national football team World Cup 2018 (cropped) Sævarsson.jpg
Personleg informasjon
Fødd 11. november 1984 (34 år)
Fødestad ReykjavíkIsland
Høgd 186 cm
Posisjon Høgreback, høgreving, venstreback.
Klubbinformasjon
Noverande lag
Valur
Nummer 2
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2003–2008 Valur 66 (2)
2008–2014 Brann 168 (15)
2014–2017 Hammarby IF  84 (3)
2017– Valur 25 (3)
Landslag
2006 Island U-21  (0)
2007– Island 90 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 28. mars 2019
‡ Landslagsmål oppdatert 28. mars 2019

Birkir Már Sævarsson (fødd 11. november 1984) er ein islandsk fotballspelar som i 2018 spela for Valur i den islandske toppdivisjonen og for det islandske landslaget.

SK Brann kjøpte han for 1,3 millionar norske kroner av Valur sommaren 2008. Han har òg etablert seg på det islandske landslaget. Sævarsson kan spele både høgreback og -kant, og vert rekna som ein rask spelar.[1] På Brann har han òg spelt noko venstreback. Onsdag 16. juli signerte Birkir Már Sævarsson kontrakten som gjorde han til Brann-spelar ut 2011. Den 23 år gamle høgrebacken kjem som Armann Björnsson frå klubben Valur. Reykjavik-klubben har vunne 20 seriemeisterskap på Island og har òg vore cupmeister ni gonger.

Sævarsson fekk debuten sin i Brann-trøya heime mot Hamkam 2. august 2008. Han har stort sett spelt fast på førstelaget til Brann i både 2009-, 2010- og 2011-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sævarsson forventer meir spilletid». NRK. 14. august 2008. Henta 16. september 2008.