Birr i County Offaly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Birr
Biorra
Birr
TidssoneUTC+0
Høgd over havet75±1 meter
Plassering

Birr i County Offaly
53°5′29″ N 7°54′48″ W

Birr (irsk Biorra) er ein irsk by i County Offaly sørvest i Republikken Irland. Med omland har han ein folkesetnad på 5081 (2006).

Frå 1620 til 1899 heitte byen Parsonstown, etter Parsons-familien som var lokale landeigarar og hadde tittelen Earl of Rosse.[1]

Birr har status som Heritage Town med ein verna georgisk arkitektur. Byen er kjend for Birr Castle med omliggande hagar, heimen til Parsons-familien. Her fanst også Leviathan of Parsonstown, det største teleskopet i verda i over 70 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Registration Districts of Ireland» (PDF). genealogyresearch.org.uk. s. 31. Henta 9. februar 2013.