Bison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bison
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Underfamilie: Bovinae
Slekt: Bison
Smith, 1827

Bison er ei partåa klauvdyrslekt i oksefamilien. Ho har to nolevande artar, amerikansk bison og europeisk bison (visent). I tillegg kjenner ein til 4 utdøydde artar.

Bison er store og kraftige dyr med kvelva panne. Dei har korte horn og ein svær framkropp. Dyra er dekte av eit raudbrunt, krusete og tett hårlag, med eit langt, hengande skjegg frå haka ned til frambeina.

Bison er det største nolevande landpattedyret i både Amerika og Europa. Dei er planteetarar og drøvtyggjarar som lever i flokkar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Bison», Store norske leksikon, 5. februar 2014 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bison
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.