Bjørgum bru

Koordinatar: 60°36′56″N 6°32′07″E / 60.6156°N 6.5353°E / 60.6156; 6.5353
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørgum bru

Typegangbru
StadBjørgum i Voss
Opna8. juli 2015
Breidd2.25
KryssarRv 13
MaterialeKreosotbehandla nordisk furu
UtformingGangbru
KonstruktørMoelven AS
Kart
Bjørgum bru
60°36′56″N 6°32′07″E / 60.6156°N 6.5353°E / 60.6156; 6.5353

Bjørgum bru er ei gang- og sykkelbru over Istadelva og riksveg 13 i Voss kommune. Ho vart opna 8. juli 2015.

Brua vart sett saman av fire seksjonar som vart bygde på bakken. Deretter vart seksjonane heiste på plass og kopla saman. Seksjonane vart heiste opp i to omgangar i løpet av to dagar. Dei to fyrste seksjonane vart heiste opp natt til 9. april 2015, og dei to siste seksjonane vart heiste opp neste dag. Riksvegen gjennom Bjørgum vart stengd i ni timar medan dette arbeidet pågjekk.

I tillegg til sjølve brureisinga omfatta prosjektet ein del anna arbeid. Mellom anna blei den gamle busstoppen oppgradert til ein større busstopp/bussterminal.


60°36′56″N 6°32′07″E / 60.6156°N 6.5353°E / 60.6156; 6.5353