Bjarkøy kommune
69°00′00″N 16°34′00″E / 69.00000°N 16.56667°E
Bjarkøy er ein tidlegare øykommune i Troms fylke. Området er frå 1. januar 2013 del av Harstad kommune. Før samanslåinga med Harstad var Bjarkøy den minste kommunen i Troms, i både areal og folketal.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kommunen heitte «Sand» fram til 1886, då namnet vart endra til «Bjarkø», og seinare «Bjarkøy».[1] I 1964 vart den delen av den gamle kommunen som låg på Senja og Lemmingvær overført til Tranøy kommune. Desse områda hadde litt over ein fjerdedel av innbyggjarane i kommunen, og det som var att av kommunen hadde då 1261 innbyggjarar. Bjarkøy var frå då av den minste kommunen i Troms etter folketal. Folketalet gjekk bratt nedover dei siste tiåra. I 2010 var folketalet 482, berre 38 % av det det var i 1964.[2]
Folketal Bjarkøy kommune 1951-2012:[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Harstad og Bjarkøy slår seg saman». Kommunal- og regionaldepartementet. 24. juni 2011. Henta 25. februar 2021.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen Statistisk sentralbyrå, 1999. Henta 25. februar 2021
- ↑ 2,0 2,1 Statistikkbanken, 06913: Endringer i kommuner, fylker og hele landets befolkning (K) 1951 - 2021, SSB, 2021 Henta 25. februar 2021