Hopp til innhald

Harstad kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harstad kommune
Hársttáid suohkan
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Harstad
Areal 446 km²
   land 429 km²
   vatn 17 km²
Folketal 25 167  (1. januar 2025)
Målform nøytral
Ordførar Kari-Anne Opsal (Ap)
Kommunenr. 5503
Kart
Harstad kommune
68°47′56″N 16°32′21″E / 68.79878°N 16.53927°E / 68.79878; 16.53927
Kart som viser Harstad kommune.
Kart som viser Harstad kommune.
Kart som viser Harstad kommune.
Wikimedia Commons: Harstad
Nettstad: www.harstad.kommune.no

Harstad, på nordsamisk Hárstták,[1] er ein kommune i Troms fylke. Han er etter folketal den nest største kommunen i fylket og den tredje største i Nord-Noreg. Under kommunereforma i 1964 blei Harstad slått saman med dei to tidlegare kommunane Trondenes og Sandtorg, og i 2013 med den tidlegare Bjarkøy kommune. Kommunen ligg på nord- og austsida av Hinnøya, den største øya i Noreg, i tillegg til Grytøya, Bjarkøy, Sandsøya og ei rekkje mindre øyer.

Hurtigruteskipet MS «Kong Harald» til kai i Harstad.

Byen Harstad er administrasjons- og skulesenter Sør-Troms, og eit viktig trafikknutepunkt, med mellom anna daglege vitjingar av Hurtigruta. Dei nordnorske festspela blir arrangerte i Harstad kvart år i slutten av juni. Lokalavisa i kommunen er Harstad Tidende.

Harstad er tidlegare forsvarsby med Trondenes leir som mellom anna viser fram Adolfkanonen frå den andre verdskrigen. Han huser eller har husa:

Desse tettstadane og bygdene, rekna sørover frå nordvest, ligg i kommunen: Kasfjord, Ervik, Hagan, Kilhus, Grøtavær, Lundenes, Alvestad, Medkila, Breivik, Ruggevik, Kilbotn, Nordvik, Melvik, Sørvik, Halsebø, Fauskevåg, Gausvik, Haukebø og Sandtorg.

(For bydelar, sjå Harstad.)

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]

Sidan kommunesamanslåingane i 1964 var Harstad kommune den nest største kommunen i Troms etter folketal.

Folketalsutvikling for noverande Harstad kommune frå 1930:

1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3][4][5] 1.1.1961[3][4][5] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
11 441a 13 202a 14 039a 17 192 19 986 21 613 22 369 23 038 23 257
a Talet omfattar ikkje eit område som var del av Kvæfjord kommune fram til 1956, då det vart overført til gamle Trondenes kommune. Dette området hadde då 32 innbyggjarar.

Kjende harstadværingar

[endre | endre wikiteksten]
Kine Hellebust, songar og skodespelar

Verdt å sjå

[endre | endre wikiteksten]
Trondenes kyrkje
  1. Fastsetting av samisk navn på Harstad kommune, Troms. Vitja 8. september 2018.
  2. 1 2 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 1 2 3 4 5 6 7 Folkemengd i Harstad 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. 1 2 Folkemengd i Sandtorg 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. 1 2 Folkemengd i Trondenes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Harstad kommune