Black Mountains i Wales

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toppen av Black Mountain

Black Mountains (walisisk Y Mynyddoedd Duon) er ei rekkje åsar i Powys og Monmouthshire søraust i Wales som strekkjer seg over grensa og inn i Herefordshire i England. Dei er den austlegaste av fire fjellkjeder i Brecon Beacons nasjonalpark og vert ofte forveksla med den vestlegaste, som heiter Black Mountain. I tillegg er det ein topp i Black Mountains som heiter Black Mountain. Black Mountains strekkjer seg i trekanten mellom byane Abergavenny i søraust, Hay-on-Wye i nord og landsbyen Llangors i vest. Ein annan by nær Black Mountains er Talgarth.

Det høgaste fjellet i gruppa er Waun Fach på 811 meter over havet. Andre toppar er Black Mountain (703 moh), Hay Bluff (677 moh), Rhos Dirion (713 moh) og Lord Hereford’s Knob eller Twmpa (690 moh). Mot sør ligg dei meir sjølvstendige toppane Crug Mawr (550 moh), Pen Allt-mawr (719 moh) og Pen Cerrig-calch (701 moh).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]