Bladet Life

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Life
LIFE magazine logo.svg
Oppretta1936
Første trykk1883
Nedlagd2007
SpråkEngelsk
EigarskapTime Inc.

Life, ofte skrive LIFE, var eit amerikansk tidsskrift som kom ut jamnleg frå 1883 til 1972 og igjen frå 1978 til 2000. Det er knytt til bladet Time.

Life var opphavleg eit humoristisk blad med avgrensa opplag som kom ut frå 1883 til 1936. Då blei det kjøpt opp av Henry Luce, som omforma det til eit moderne vekeblad med vekt på fotoreportasje. Dette bladet kom ut kvar veke fram til 1972. Deretter kom det ut spesialutgåver med ujamne mellomrom fram til 1978, før det blei gjeve ut kvar månad fram til 2000.[1] Frå 2004 til 2007 blei det gjeve ut som eit vekeblad inkludert i fleire amerikanske aviser av Time Inc.

I 2009 blei nettstaden LIFE.com lansert som eit samarbeid mellom Life og Getty Images. Nettstaden inneheld millionar av fotografi frå dei kombinerte bildearkiva deira. Bladet er også blitt arkivert av Google.[2] Eit arkiv av alle nummera av Life frå 1936 til 1972 er tilgjengelege gjennom Google Book Search.[3] Google image search inneheld også mange bilde tekne for, men ikkje gjevne ut i bladet.[4]

Det kjende fotografiet «Kissing the War Goodbye» eller «V-J Day in Times Square» av Alfred Eisenstaedt kom ut i Life.

Life blei skipa i 1883 bygde det på liknande humoristiske britiske blad, som Punch. I 53 år blei det gjeve ut som eit allment, underhaldande blad med mange illustarsjonar, vitsar og samfunnskommentarar. Mange store forfattarar, redaktørar, illustratørar og vitseteiknarar bidrog til bladet, mellom anna Charles Dana Gibson, Norman Rockwell og Jacob Hartman Jr. Gibson blei eigar og redaktør etter at John Ames Mitchell døydde i 1918.

Life var det første amerikanske nyheitsbladet som var gjennomillustrert med fotografi, og dominerte marknaden i over 40 år. Det var så populært av både Harry S. Truman, Winston Churchill og general Douglas MacArthur hadde memoara sine gjevne ut som føljetongar i det. Eit av dei best kjende bilda frå Life er det av ein amerikansk marinegast som kysser ein sjukepleiar den 14. august 1945 under feiringa av sigeren over Japan i andre verdskrigen. Bladet hadde ei viktigrolle i historia til fotojournalistikk før det gjekk tilbake grunna økonomi og smakar i endring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. «Time Inc. to Close LIFE Magazine Newspaper Supplement». Time Warner. 26. mars 2007. 
  2. Ewen MacAskill in Washington (18. november 2008). «Google makes LIFE magazine photo archives available to the public». Guardian. Henta 2012-01-15. 
  3. «LIFE magazine». Google Books. Henta 10. desember 2016. 
  4. «Google gives online life to Life mag's photos». Associated Press. 2008-11-19. Henta 2008-11-19. Google Inc. has opened an online photo gallery that will include millions of images from Life magazine's archives that have never been seen by the public before. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bladet Life