Bladfjør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bladfjører på ein lastebil.

Bladfjør er ei fjør som er sett saman av fleire blad av fjørstål. Bladfjører er robuste og etter måten enkle å produsera og dei var lenge så godt som einerådande på bilar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Moderne personbilar, varebilar og andre småbilar nyttar for det meste spiralfjører, men lastebilar og tilhengarar som vert nytta på ujamt underlag har framleis bladfjører. Den vanlegaste typen bladfjør på køyretøy har ein ulineær karakteristikk og fylgjer ikkje Hooke si lov. Den ulineære karakteristikken gjer at stivheita aukar når fjøra vert pressa saman. På køyretøy er dette ein føremon på det viset at høgda på kjøretøyet ikkje varierer så mykje når lasta varierer.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]