Blanka Vlašić
| Blanka Vlašić | |
| Statsborgarskap | Kroatia |
| Fødd | 8. november 1983 (42 år) Split |
| Yrke | friidrettsutøvar |
| Språk | kroatisk |
| Høgd | 193 centimeter |
| Far | Joško Vlašić |
| Nettstad | http://www.blanka-vlasic.com/ |
| Blanka Vlašić på Commons | |
Blanka Vlašić (fødd 8. november 1983) er ein kroatisk tidlegare friidrettsutøvar frå Split som tevla i høgdehopp. Ho vart verdsmeister i øvinga i 2007 og i 2009, europameister 2010. Dessutan vann ho sølvmedaljen under Sommar-OL 2008 og i friidretts-VM i 2011. Ho fekk ein bronsemedalje under Sommar-OL 2016. Vlašić sine personlege rekord på 2,08 meter er frå 2009.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Vlašić gjorde personbeste med 1,96 meter då ho i 2002 sigra ved junior-verdsmeisterskapen i Kingston på Jamaica. I 2003-sesongen forbetra ho seg til 1,98 m og så 1,99 m då ho i Paris for fyrste gong gjekk til topps i eit GL-stemne. Få dagar seinare seinare svinga ho seg over 2,00 meter i Zagreb. Den 15. august 2003 forbetra ho sin personlege rekord til 2,01 m i Zürich. 10. august 2004 sette ho kroatisk rekord i høgdehopp med 2,03 meter i Ljubljana, men stoppa på 1,89 m i Sommar-OL i Aten.
Etter svakare prestasjonar i 2005 smaug Vlašić seg over 2,05 m innandørs i Banska Bystrica vinteren 2006. Den 7. august 2007 tok ho seg 2,07 meter i Stockholm. Under verdsmeisterskapen i Osaka nokre veker etter vart ho verdsmeister med eit hopp på 2,05 m, og til sist vann ho IAAF-finalen i Stuttgart med sine 2,00 m. Også i OL-finalen 2008 hoppa Vlašić 2,05 m, det same som belgiske Tia Hellebaut som tok høgda i fyrste og sitt einaste forsøk, medan Vlašić måtte ha to forsøk. Ho forsvarte i 2009 verdsmeistertittelen då ho som den einaste klarte 2,04 m. 31. august 2009 prestertehttps://worldathletics.org/athletes/-/14263716 i Zagreb livsbeste 2,08 meter, einast verdsrekordhaldren, bulgarske Stefka Kostadinova, hadde då hoppa høgre. Vinteren 2010 hoppa Vlašić som best 2,06 m, om sommaren vart ho europameister i Barcelona ved å gå over 2,03 m. VM-finalen 2011 i Daegu presterte ho årsbeste 2,03 meter og tok sølvmedalje bak Anna Tsjitsjerova frå Russland som hoppa like høgt, ho i fyrste forsøk.
Etter skade makta Vlašić ikkje nå tidlegare høgder, likevel tok ho seg over 2 meter alle åra fram til 2015. Med årsbeste 2,01 m i VM-finalen 2015 sikra ho seg sølvmedaljen, dei russiske utøvarane Marija Kutsjina og Anna Tsjtsjerova hoppa like høgt og fekk høvesvis gull og bronse. Vlašić presterte årsbeste også under OL-finalen 2016 i Rio de Janeiro, her fekk ho bronsen i ei tevling der alle dei fire beste stoppa på 1,97 m. Ho la deretter opp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 2001 i Edmonton: Nr 6 – 1,94 m
- EM 2002 i München: Nr 5 – 1,89 m
- VM 2003 i Paris: Nr 7 – 1,95 m
- OL 2004 i Aten: Nr 11 – 1,89 m
- EM 2006 i Göteborg: Nr 4 – 2,01 m
- VM 2007 i Osaka: Gullmedalje – 2,05 m, framom Anna Tsjitsjerova (2,03 m)
- OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje – 2,05 m, bakom Tia Hellebaut (2,05 m)
- VM 2009 i Berlin: Gullmedalje – 2,04 m
- EM 2010 i Barcelona: Gullmedalje – 2,03 m, framom Emma Green (2,01 m)
- VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje – 2,03 m, bakom Anna Tsjitsjerova (2,03 m)
- VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 2,01 m
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronsemedalje – 1,97 m
Ymse
[endre | endre wikiteksten]Vlašić vart tildelt Bislett-medaljen i 2014.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Bislettmedaljen/The Bislett Medal» (PDF). Diamond League Oslo. Arkivert frå originalen (PDF) 29. januar 2017. Henta 29. januar 2017.
- «Blanka Vlašić» (på engelsk). Sports-Reference. Arkivert frå originalen 4. desember 2016. Henta 29. januar 2017.
- World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Blanka Vlašić» frå Wikipedia på tysk, den 26. mai 2026.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1983
- Kroatiske friidrettsutøvarar
- Høgdehopparar
- Verdsmeistrar i friidrett
- Europameistrar i friidrett
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Kroatia
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Kroatia
- Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2008
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Vinnarar av Bislett-medaljen
- Folk frå Split