Blaye

Koordinatar: 45°07′N 00°40′W / 45.117°N 0.667°W / 45.117; -0.667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blaye
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nouvelle-Aquitaine
Gironde
Geografi
Flatevidd 6,42 km²
Flatevidd
 - By

6,42 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

4 666
  726/km²
Koordinatar 45°07′N 00°40′W / 45.117°N 0.667°W / 45.117; -0.667
Høgd over havet 7 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 33390
Heimeside: www.blaye.net

Blaye er ein liten by og kommune sørvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Gironde i regionen Nouvelle-Aquitaine, og har om lag 5 000 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Blaye ligg ved den høgre breidda til elvemunningen Gironde (her om lag 3,5 km brei), 55 km nord for Bordeaux med jernbane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken var Blaye (Blavia) ein hamneby for santonarar. Ifølgje segna skal helten Roland ha vorte gravlagd i basilikaen som var ein del av festninga i byen. Byen var ein viktig skanse, som spelte ei viktig rolle i krigane mot engelskmennene (som brende ned byen i 1352) og hugenottkrigen. Hertuginna av Berry vart fengsla i festninga her i 1832-1833.

Byen heitte tidlegare Blaye-et-Sainte-Luce og fekk namnet Blaye i juni 1961.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]