Blinde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blind hòletetra, Astyanax mexicanus, utviklar ikkje auge eller syn.
Eit blindt barn ved Oklahoma School for the Blind i 1917.

Blinde eller blindskap viser til det å vera blind, det vil seia heilt eller delvis mangla evna til å sjå. Hjå menneske og mange dyr er dette ei funksjonshemming danna gjennom sjukdom, skade, manglande utvikling eller medfødde feil, men det finst også dyr som er blinde naturleg, anten som nyfødde eller heile livet. Ein kan vera blind gjennom at sjølve augo ikkje ser, synsnerva ikkje sender signal eller hjernen ikkje handsamer synsinntrykk.

Kategorisering[endre | endre wikiteksten]

Medisinsk blir blinde og svaksyn delt inn i fem kategoriar:

  • Blind kategori 1 (svaksynt), om synsstyrken er mellom 6/18 og 6/60 av normalt syn på det beste auget.
  • Blind kategori 2 (sterkt svaksynt), om synsstyrken er mellom 6/60 og 3/60 av normalt syn på det beste auget. Ved 3/60 kan den svaksynte telja fingrar på 3 meters avstand.
  • Blind kategori 3, om synsstyrken er mellom 3/60 og 1/60 av normalt syn på det beste auget. Ved 1/60 kan den svaksynte telja fingrar på 1 meters avstand. Ein kan også koma i denne kategorien om synsfeltet er mellom 10° og 20° og ved total hemianopsi, det vil seia at halve synsfeltet på begge auge manglar.
  • Blind kategori 4, om synsstyrken på det beste auget er dårlegere enn 1/60, men ein framleis kan skimta lys.
  • Blind kategori 5 (amaurose), om heilt manglande lyssans.

I tillegg til total blinde (kategori 5) kan ein også snakka om praktisk blinde (kategori 4), juridisk blinde (kategori 2 og 3 med korrigerande briller) eller sosial blinde, der ein blir hindra i å gjera noko av manglande syn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]