Bob Hayes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bob Hayes
FAMU athlete Robert Hayes practices running on the track.jpg
Fødd 20. desember 1942
Jacksonville
Død

18. september 2002
Jacksonville

Yrke sprinter, amerikansk fotball-spelar
Bob Hayes på Commons

Bob Hayes, eigentleg Robert Lee Hayes, (20. desember 194218. september 2002) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar og amerikansk fotball-spelar frå Jacksonville i Florida. Hayes er den einaste idrettsutøvaren som har vunne både OL-gull og Super Bowl.

Friidrettt[endre | endre wikiteksten]

Under sommar-OL i Tokyo i 1964 vann Hayes to gullmedaljar. På 100 meter tangerte han verdsrekorden og vann med tida 10,0. Ei veke seinare sprang han på ankerertappen USA i mål i 4 x 100 meter stafett på ny verdsrekord, 39,0 sekundar.

Amerikansk fotball[endre | endre wikiteksten]

Hayes spelte for Dallas Cowboys frå 1965 til -74. I 1972 vann klubben Super Bowl etter 24-3 over Miami Dolphins, året etter den hadde tapt knipent overfor Baltimore Colts. Hayes spelte i 1975-sesongen for San Francisco 49ers.

Etterrakst[endre | endre wikiteksten]

Hayes vart i 1979 dømd til 10 månaders fengselstraff for narkotikahandel. Seinare vart han rusmisbrukar og enda livet som fattiglus i fødebyen Jacksonville.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]