Bockfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bockfjorden er ein fjordarm i Woodfjorden på nordkysten av SpitsbergenSvalbard. Han går sørvestover frå Woodfjorden mot Sverrefjellet og har ei lengd på om lag 12 km. Innløpet ligg nord for Kapp Kjeldsen.

Inst i fjorden ligg Jotunkjeldene, to varmekjelder frå det tidlegare vulkansk aktive Sverrefjellet. Vasstemperaturen i desse varmekjeldene er over 20 °C. Kjeldene er omgjeve av kalkavsetjingar som det ikkje er lov å gå på. Det ligg fleire andre varmekjelder i området.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 79°29′57″N 13°21′21″E