Bokken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bokken brukt mot eit japansk stavvåpen jo.

Bokken (japansk 木剣, bok(u) 'tre' og ken 'sverd') er eit japansk tresverd som er tenkt brukt i trening av kampaktivitetar som til dømes parvis kata. Dette er relativt trygt i høve til å nytte kvasse metallsverd. Bokutō (木刀) er eit anna namn på bokken, som er mykje nytta i Japan.

Historisk[endre | endre wikiteksten]

Bokken er like gammalt som japanske sverd og vart brukt til å trene krigarar. Legenda og kenjutsuemeisteren Miyamoto Musashi var kjent for å slåst imot fullt utrusta motstandarar med berre ein eller to bokken. I ei berømt legende slo han Sasaki Kojiro med ein bokken forma av ei åre. På veg til ein avtalt duell på ei øy skal Musashi ha forma åra om bord i båten han reiste med.

Spire Denne Japanartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.