Boknakaran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Boknakaran er ei nordnorsk visegruppe som vart starta i 1992 og består av Ragnar Olsen, Jan Arvid Johansen, Malvin Skulbru og Pål Thorstensen. Dei har gjeve ut ei rad plater, og har turnert mykje i Nord-Noreg. Sidan 2008 har bandet hatt med Julie Alapnes Normann i staden for Malvin Skulbru. Mange av visene til Boknakaran er prega av politiske skråblikk, og spiller gjerne på den nordnorske kystkulturen. Senja-diktaren Helge Stangnes blir rekna som den femte boknakaren, fordi mange av dikta hans har blitt tonesett og framført av Jan Arvid Johansen. Eit av desse er diktet «Hortensia», som kanskje er den mest kjente visa til Boknakaran.

Årleg held Boknakaran romjulskonsert på vertshuset Skarven i Tromsø.

I 2012 hadde Boknakaran 20-årsjubileumkonsert på Tromsø kulturhus.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]