Bolsjaja Kosja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bolsjaja Kosja
elv
Большая Коша 01.JPG
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 763 km²
Lengd 88 km
Middelvassføring 5,9 /s
Munning Volga

Bolsjaja Kosja (russisk Большая Коша) er ei elv i Tver oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 88 km lang og har eit nedslagsfelt på 763 km². Elva har ei middelvassføring på 5,9 m³/s.

Bosjaja Kosja oppstår i myrene nær landsbyen Rantsevo. Den øvre delen er buktande og smal, med ei breidde opp til 10 meter. I nedre del er ho 20-30 meter brei. Ho munnar ut i Volga nær landsbyen med same namn som elva.

Den største sideelva til elva er Vortsjala frå høgre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]